Hopp til innhald

Bjorøyna i Øygarden

Koordinatar: 60°19′10″N 05°10′29″E / 60.31944°N 5.17472°E / 60.31944; 5.17472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjorøyna i Øygarden
Geografi
Stad Raunefjorden
Koordinatar 60°19′10″N 05°10′29″E / 60.31944°N 5.17472°E / 60.31944; 5.17472

Areal 4,1 km²

Høgaste punkt Rundelen (95 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 1186 (2023)
Folketettleik 289 /km²

Bjorøyna er ei bynær øy i Øygarden kommune i Vestland som har opplevd ein kraftig vekst i folketalet etter at fastlandssambandet kom i 1996.[1] Folketalet har meir enn dobla seg, til 887 menneske per 1. januar 2013. I tillegg til nybygde hus har mange fritidseigedomar vorte omgjorde til heilårsbustader. Like ved Bjorøyna ligg Tyssøy i Sund kommune, og det er bru mellom desse to øyane. Fram til 1996 var ikkje Bjorøyna knytt saman med fastlandet, men i 1996 opna Bjorøytunnelen. Denne tunnelen har ei lengd på om lag to kilometer og er kjend for bratt stiging og krappe svingar. Tunnelen strekkjer seg frå Nilsvika på Bjorøyna til Alvøen i Bergen kommune. Før tunnelen opna, gjekk det ferje mellom Bjorøyna og Alvøen kai.

Bjorøy oppveksttun er eit viktig knutepunkt i lokalsamfunnet, der ein finn barnehage, skulefritidsordning og barneskule på same område. Sjølv om Bjorøyna er eit lite øysamfunn, har øya eit eige idrettslag, kalla Bjorøy idrettslag, med blant anna fotballag for både store og små, og eit volleyballag. Ein finn også eit gartneri og ein liten interiørbutikk på øya. I dei siste åra, spesielt etter at tunnelen opna, har fleire og fleire folk funne vegen til Bjorøyna, og slått seg til der.

Folketalsutvikling:

1801[2] 1900[3] 1950[4] 2000[5] 2023[5]
69 149 186 428 1186
  1. «Folk flytter fra øyene tross milliarder til bru». NRK. Henta 9. april 2013. 
  2. Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet
  3. Folketeljing 1900 for Fjell herred, frå Digitalarkivet
  4. Halvor Skurtveit et al. (red.), Fjell bygdebok, bd. V (Fjell kommune, 2010)
  5. 5,0 5,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå